Aktuelt

/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/FOTOGR~1_mid_med.jpg/$file/FOTOGR~1_mid_med.jpg
Program for den kulturelle skulesekken for skuleåret 2010/2011.
DKS har publisert programmet for neste skuleår og kan freiste med produksjonar i mange sjangrar til skuleelevane i fylket.  Les meir 14/6/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/2010.0206.Kurs elevar Dalsoyra skule_endra_med.jpg/$file/2010.0206.Kurs elevar Dalsoyra skule_endra_med.jpg
Dalsøyra skule i gong med å publisera lokalkunnskap på nett
Onsdag denne veka var skulestova.no med åttande og niande klasse på Dalsøyra skule då dei starta arbeidet med å legga inn artiklar i GeoAtlas. No skal artiklane gjennomlesast av læraren Anne Grete Opdal og finpussast før dei vert publiserte på nettet. Elevane skriv om lokale segner, gardar, handelsverksemd og bedrifter i nærmijøet.   Les meir 10/6/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/flickr_med.jpg/$file/flickr_med.jpg
Historiske bilete på Flickr
På Flickr finn du no flotte samlingar av eldre fotografi frå Sogn og Fjordane. Det er Fylkesarkivet som har lansert tre av dei mange samlingane sine, mellom anna ei om dei norske fjordane. .   Les meir 30/5/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/geoatlas.no.bmp/$file/geoatlas.no.bmp
Ta i bruk GeoAtlas - Gratis kurs og bruk
Skular som vil bruka GeoAtlas, eller som treng hjelp til å komma i gong får muligheit til det om dei kontaktar oss. I staden for at verdfull kunnskap vert gøymt i gamle kladdebøker, vert den teken vare på for all framtid på GeoAtlas. Elevane gir eit flott bidrag til kunnskapen om lokal kultur og natur i tillegg til å styrka sin digitale kompetanse. Arbeidet kan knytast opp til fleire fag og erfaringar syner at elevane vert meir bevisste sitt nærmiljø.   Les meir 12/5/2010
Nye Fylkesatlas kan med fordel nyttast i skulane
Fylkesatlas er meir enn berre eit kart. Det er eit kart der du kan henta fram informasjon om samfunnet vårt. Her vert mykje data som elles er å finna på ulike nettstadar samla opp og presentert på ein nettstad. Når du i skulen arbeider med lokalmiljøet, kommunen eller fylket vil du finna aktuelt stoff innanfor kultur, samferdsle, landbruk med meir på Fylkesatlas.   Les meir 10/5/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/interesse_med.jpg/$file/interesse_med.jpg
Me har skote bjørnen!
Bjørneutstillinga ”Me har skote bjørnen” opna 17. april på Sunnfjord Museum. Dette er eit samarbeidsprosjekt for dei fire kulturhistoriske musea i Sogn og Fjordane og utstillinga skal det næraste året på vandring til desse musea og born og unge vil få høve til å sjå den utstoppa bjørnen.   Les meir 10/5/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/byggeskikk_med.jpg/$file/byggeskikk_med.jpg
Undervisningsopplegg på Sunnfjord Museum til hausten
Alle undervisningstilbod til skulane i Sunnfjord, og tidspunkt for desse, er ikkje klare enno, men her kan du få lesa om to av dei som er klare allereie.   Les meir 5/5/2010
Meir båt og leik på kystmuseet til hausten
For dei som ikkje fekk plass på kurset båt og leik på kystmuseet i vår, får høve til å få det med seg til hausten. Dersom skuleklassar likevel ønskjer seg eit museumsbesøk no når det nærmar seg sommar så er det fullt mulig å få vanleg museumsbesøk/omvisning på kystmuseet.   Les meir 4/5/2010
Me har skote bjørnen
Hugsar du bjørnen som vart skoten i fjor? No kan du sjå ei utstilling om bjørnen på Sunnfjord Museum. Møter du opp laurda 17. april så kan du til og med få smaka litt bjørnekjøt!   Les meir 15/4/2010
/cms/skulestova_mm.nsf/lupgraphics/lesetips_med.jpg/$file/lesetips_med.jpg
Ønskjer du tips om gode bøker?
Fylkesbiblioteket vert ofte kontakta om lesetips. No har dei laga ein presentasjon om populære barnebøker som kan vera til inspirasjon.   Les meir 7/4/2010


ABM Sogn og Fjordane  •  Skulestova.no

/
/
Skulestova