Alle undervisningstilbod til skulane i Sunnfjord, og tidspunkt for desse, er ikkje klare enno, men her kan du få lesa om to av dei som er klare allereie.
Frk Striks og skulemester Streng
Gjennom ei reise i tid får ungane ta del i skulekvardagen frå omgangskulen tidleg på 1800-talet og fram til den skulen dei kjenner i dag.
Skulemeister Streng held til i Østenstadstova der han prøver å samle elevane til høgtlesing og salmesong rundt langbordet, medan bestefar strekkjer seg i senga og bestemor kardar ull.
I det gamle skulehuset frå Gudalen held Frøken Stiks orden på blekk, bibelsoge og rekning. Der får elevane gjennom rollespel ta del i ein skuletime slik den var tidleg på 1900-talet.
)
I eige hus
I nesten tusen år har det vore to rådande måtar å byggje hus på her på Vestlandet: å lafte tømmer til solide hus for folk og fe og sette opp grindbygg til løer og ulike andre uthus. Begge er nokså enkle, men geniale teknikkar og elevane vil få ei generell innføring i emnet med utgangspunkt i dei husa vi har på museet.
Elevane skal og få prøve seg sjølve. Handverkarane på museet har laga byggjesett av kvar hustype, nøyaktig kopierte frå gamle hus, men i storleik 1:4. Under kunnig rettleiing skal borna sjølve få lære seg teknikken og målet er to ferdige hus kvar dag.