blank blank
Dalsøyra skule i gong med å publisera lokalkunnskap på nett
Onsdag denne veka var skulestova.no med åttande og niande klasse på Dalsøyra skule då dei starta arbeidet med å legga inn artiklar i GeoAtlas. No skal artiklane gjennomlesast av læraren Anne Grete Opdal og finpussast før dei vert publiserte på nettet. Elevane skriv om lokale segner, gardar, handelsverksemd og bedrifter i nærmijøet.

segnet øksaFor å samla stoff har dei gjort intervju, lese bygdebøker og teke bilete. i tilegg har dei teikna flotte illustrasjonsteikningar til artiklane. Til venstre ser du ein illustrasjon som er knytt til ei av segnene som vert presentert. Det er 8. klassingen Silje Halland som har teikna denne.  Så her er det mykje spennande å sjå fram til. 

Det er fleire skular i Gulen som har publisert artiklar på GeoAtlas, til døm Byrknes skule som mellom anna har skrive om ulike skipsforlis som øysamfunnet har vore vitne til gjennom tidene.

Elevane gjer gjennom slikt arbeid ein viktig jobb og dokumenterer verdfull kunnskap. Etter at elevnane fekk hjelp med å komma i gong, fekk lærarane på ungdomstrinnet ein kort presentasjon av GeoAtlas og kva nytte det har for skulane sett i høve Kunnskapsløftet.

Dersom andre kan tenkja seg kurs og opplæring i GeoAtlas, så kontakt rådgjevar Eirik Stanghelle Morland, på e-post eirik.stanghelle.morland@sfj.no  eller telefon 57 65 61 00  

 



Skriv ut


Tilbake

ABM Sogn og Fjordane  •  Skulestova.no

/
/
Skulestova