blank blank
Me har skote bjørnen!
Bjørneutstillinga ”Me har skote bjørnen” opna 17. april på Sunnfjord Museum. Dette er eit samarbeidsprosjekt for dei fire kulturhistoriske musea i Sogn og Fjordane og utstillinga skal det næraste året på vandring til desse musea og born og unge vil få høve til å sjå den utstoppa bjørnen.

Bakgrunnen for utstillinga er bjørnejakta våren og sommaren 2008 som enda med at ein bjørn vart skoten på Vetlebreen i Fjærland 15. juni. Utstillinga har fått namn etter meldinga som kom over jaktradioen denne dagen.
 
Etter ein dragkamp mellom ulike interesser tildelte Direktoratet for naturforvalting skinnet til musea som har fått det utstoppa og laga ei utstilling bygd opp kring det.
 
interesseUtstillinga tek føre seg mange sider ved temaet bjørn, og både den naturhistoriske og kulturhistoriske dimensjonen er med, slik som biologiske fakta, korleis han lever gjennom fire årstider, forvaltning og konflikt, menneska sitt forhold til bjørn og ikkje minst bjørnehistorier frå Sogn og Fjordane. Dei er det mange av! Eit stort tal handlar om dramatisk jakt og modige jegerar, minst like mange handlar om bjørn som går etter gravide kvinner, nokre handlar om bjørn som oppfører seg som menneske – eller omvendt om menneske som går i bjørneham.
 
Det var ein heftig debatt om kor vidt det var rett eller gale å gje fellingsløyve på denne bjørnen. Særleg på ulike nettmedia var det mange som ytra seg, og i ly av anonymiteten utvikla det seg til utskjelling og ein usakleg debatt. Me har gjort denne debatten og debattforma som tema for ein del av utstillinga.
 
I samband med utstillinga er det utarbeidd undervisningsopplegg for alle klassetrinn, og alle skulane i fylket vil etter kvart få innbyding til utstillinga. Erfaringa frå Sunnfjord Museum er at dette vert godt motteke. Alle seier dei har lært mykje, og jammen har me gjort det me og.
 
bjørneskitUtstillinga vil stå på Sunnfjord Museum i sommar før den går vidare til De Heibergske Samlinger i månadsskiftet juli/august. Sidan skal den også til Nordfjord Folkemuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Dette er ei utstilling for alle, store og små, og me ser at dette fellesprosjektet der natur og kultur er integrert med utgangspunkt i ei samtidssak engasjerer!


Skriv ut


Tilbake

ABM Sogn og Fjordane  •  Skulestova.no

/
/
Skulestova