På Flickr finn du no flotte samlingar av eldre fotografi frå Sogn og Fjordane. Det er Fylkesarkivet som har lansert tre av dei mange samlingane sine, mellom anna ei om dei norske fjordane. .
På Flickr kan den som ønskjer det legga sine bilete, dela dei med andre og kommentera og få kommentarar til bileta. På Flickr er det eit eige område, Flickr Commons, som er tiltenkt fotosamlingar forvalta av det offentlege og som er fellesskapet sine kulturskattar. Fylkesarkivet ønskjer å få auka merksemd rundt bileta og gjer dei lettare tilgjengelege for alle ved å legga dei inn på Flickr.
Besøk Fylkesarkivet på Flickr: http://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv.
Sjå pressemelsinga deira her. Fylkesarkivet frislepp fotoskatt på Flickr